Miljørapport 2009 omtalar miljøarbeidet i Jernbaneverket og måloppnåing i 2009, og inneheld i tillegg nøkkeltal frå togselskapa. Trendar for 2009 er mellom anna ei positiv utvikling når det gjeld talet på lokalitetar med forureina grunn (redusert), men ei negativ utvikling for energiforbruk til drift og vedlikehald.
Miljørapport 2008 viser status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Eksempel på miljøtiltak med positiv utvikling er sanering av PCB og ryddighet på stasjonar. Det som ikkje hadde ei god utvikling var påkjøyrsel av dyr.
Jernbaneverket sin miljørapport for 2007 viser status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Eksempel på miljøsak med positiv utvikling er el-forbruket, som vart redusert frå 2006 til 2007. Eksempel på miljøsak med negativ utvikling er påkøyrsel av dyr. Talet på dyr påkøyrde av tog har auka kraftig dei to siste åra.
I Miljørapport 2006 vert status for miljøarbeidet i Jernbaneverket presentert. Her kan du mellom anna lese om det nye nordiske systemet for energimåling i tog, som medfører at togselskapa kan spare mykje energi. Eit særleg positivt utviklingstrekk i miljøarbeidet er at frå 1999 til 2006 vart støyplaga frå jernbane redusert med 33 prosent.
Miljørapport 2005 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Her kan du m.a lese at elektrisitets- forbruket i Jernbaneverket er redusert med totalt 24 prosent frå 2002 til 2005 og du kan finne informasjon om tiltak som er sett i verk når det gjeld energiøkonomisering.
Miljørapport 2004 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Det er i tillegg vist eksempel på samanlikning av eksterne kostnader mellom ulike transportformer.
Bodskapen i Jernbaneverket sin miljørapport for 2003 er at jernbanetransport er det beste miljøalternativet. Miljørapport 2003 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.
Jernbaneverket har for sjette år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2002 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.
Jernbaneverket har for femte år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2001 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.
Jernbaneverket har for fjerde år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2000 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Årets rapport vert presentert for første gong kun elektronisk.
Jernbaneverket lagar kvart år ein eigen miljørapport. I desse rapportane vert status for miljøarbeidet i etaten presentert. Her kan ein lesa korleis framdrifta i dei ulike miljøtiltaka innan jernbanen er.
PostadressePostboks 43502308 Hamar
BesøksadresseStortorvet 7, Oslo
Orgnr.: 971 033 533
E-postpostmottak@jbv.no
Sentralbord/Vakttelefon05280
Ansv. redaktørEtatsdirektør Svein Horrisland
NettredaktørSeksjonssjef Njål Svingheim