Jernbaneverket sitt blad heiter Jernbanemagasinet og kjem ut 10 gonger i året.

Jernbanemagasinet er både eit internt blad for Jernbaneverket og eit eksternt jernbanemagasin. Målet med bladet er å gå grundig til verks og informere om store og viktige saker i Jernbaneverket og verke til å setje dagsordenen med aktuelle saker om norsk og internasjonal jernbane, togtrafikk og samferdsle.
Vi ønskjer også å vere ein arena for debatt og meiningsutveksling om jernbane spesielt og om samferdsle generelt. Jernbanemagasinet kjem ut med ti nummer i året og har eit opplag på 6.100. Alle tilsette i Jernbaneverket og dei pensjonistane som ønskjer det, får bladet. Vidare vert det sendt til regjeringa, departementa, Stortinget, fylkeskommunane og kommunane som ligg langs jernbanenettet i Noreg, og til media. Alle som jobbar med jernbane og samferdsle, kan abonnere gratis på Jernbanemagasinet.
På internett tilbyr vi Jernbanemagasinet for to år.