Det vert sett opp gjerde på somme banestrekningar, men Jernbaneverket har inga generell plikt til å setje opp gjerde (§1 i lov om grannegjerde).

 Jernbaneverket vurderer og avgjer kvar det skal setjast opp gjerde og kor lenge det skal stå og verte halde ved like. Føremålet er å auke tryggleiken og å verne mot farlig ferdsel både for menneske og dyr.

Krav om gjerde på særskilt grunnlag

Gjerdeplikt kan følgje av særskilt rettsgrunnlag:

  • Vedtak frå departementet
  • Reglar i areal- og reguleringsplan etter plan- og bygningslova
  • Ein eigen forskrift som viser til at det i område med mykje vilt bør gjerast tiltak for å redusere risikoen for påkjørsler (Forskrift 22.07.1994 nr 746 om krav til anlegg og drift av jernbane, §3, pkt. 2f).
  • Resultat av avtale ved oreigning av grunn da jernbanen vart bygd.
  • Avtale med grunneigar eller andre.